Hyllestad legekontor
Bestilling av legetime
Bestilling av legetime gjer du via telefon 577 89 520.
Telefontid er kvardagar 09.00 - 10.30 og 12.30 - 13.30.
Hyllestad legekontor finn du i første etasje i kommunehuset på Hyllestad.
Andre viktige telefonnummer
Akutt hjelp - ring 113
Legevakt
Ring 116117 heile døgnet
Hyllestad kommune er med i interkommunal legevaktording SYK-IKL.
Legevakta har same nummer i heile landet: 116117
Via dette nummeret vil du komme til legevakta der du oppheld deg uansett kvar i Noreg du ringer frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.
Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.
Oppheld du deg utanfor medlemskommunane og ønskjer å nå legevakta i Førde må du ringe
578 32 300.
Dette nummeret kan du bruke om du ønskjer å nå SYS-IKL, men er sjølv i ein annan stad i landet. Dette kan vere nødvendig om du ringer for eit sjukt familiemedlem eller du må då dei av andre grunnar.
Ring først!
Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet. Det er i dei fleste høve best at du ringer på førehand for å få ein vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.
Legar ved kontoret
Hyllestad legekontor har to legeheimlar:
- Kommunelege Anette Ester
- Liste utan fastlege
Liste utan fastlege blir for tida dekka opp av vikarlegar. Vikarane er Per Eirik Magnus Brandt, Ole Terland og Roald Johnsen, dei vil byte på å vere her i ulike tidsrom.
Byte av fastlege
Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn der du bur. Du kan òg fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betalar du ein høgare eigendel. Meir informasjon om å byte fastlege finn du på nettstaden til HELFO.
Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du òg fastlege for barnet ditt.
Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.