Skulehelsetenesta har fast kontortid på skulen, og er difor tilgjengelege på skulen der barna er. Helsesjukepleiar har treffetid og kontortid på Hyllestad skule kvar måndag. Det er eit gratis lågterskel tilbod for alle elevar ved skulen, og ein treng ikkje å bestille time.
Skulehelsetenesta arbeider for å fremme barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing.
Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
Vi tilbyr syn og høyrselstest ved behov.
Helsesjukepleiar har treffetid på Hyllestad skule kvar måndag frå 09.00-14.00. Ein treng ikkje å bestille time, døra er open for å «droppe innom». Om ønskeleg kan ein ta kontakt per telefon eller mail for timeavtale. Kontoret er ved inngangen til SFO og småtrinnet. Ein kan ta kontakt for små og store utfordringar; både sosiale, psykiske, fysiske og motoriske. Aktuelle utfordringar kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, motoriske utfordringar, endring i åtferd eller teikn på skulevegring.
PLAN FOR SKULEHELSETENESTA
Skulestartundersøking | Time med helsesjukepleiar og lege. Helsekartlegging, lengde, vekt, syn og høyrsel. Evt påfyll av manglande vaksiner. |
2. Klasse | Tilbod om: Difteri, stivkrampe, kikhoste og poliovaksine (DTP- IPV). Psykologisk førstehjelp v/ Aina |
3. Klasse | Individuell samtale samt tilbod om høgde og vekt. Klasseundervisning om kost, kropp og trivsel i samarbeid med fysioterapeut |
5. klasse | Pubertetsundervisning v helsesjukepleiar Psykologisk førstehjelp v/ Aina |
6. klasse | Vaksine mot Meslingar, kusma og røde hunder (MMR) Samarbeid med SMISO. Meir informasjon kjem. |
7. Klasse | HPV Vaksine (humant papillomavirus) til jenter og gutar, totalt 2 dosar |
8. Klasse | Helsesamtale + høgde/vekt hos helsesjukepleiar. Undervisning/helseopplysning i forkant av samtalen Psykologisk førstehjelp/psykisk helse v/ Aina |
9. Klasse | Seksualundervisning v/helsesjukepleiar og skulelege |
10. klasse | Vaksine mot difteri, tetanus, kikhoste og polio (Boostrix polio). NB! Denne vaksinen bør fyllast på kvart 10.år! |