Kva kan du få hjelp til?
På "Helsestasjon for ungdom" kan du få råd og rettleiing om rus, røyk, alkohol, råd om seksuell helse, uønska graviditet, prevensjon, sjølvbilete og mobbing, stress og press, sjølvskading, sjølvmordsadferd, psykiske helseplager, fysisk aktivitet og kosthald. HFU delar også ut kondom gratis.
Om du ønskjer p-stav eller spiral er dette noko HFU kan hjelpe deg med.
Kven møter du på helsestasjon for ungdom?
Du kan møte både helsesjukepleiar og lege. Etter avtale time hos jordmor (for rettleiing/innlegging av prevensjon). Du får råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov.
Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt.
Nyttige nettstadar for ungdom:
Sex og samfunn
Ung.no
ungepårørende.no