
Er du på utkikk etter draumetomta? I så fall kan Hyllestad vere kommunen du leitar etter.
Kommunen har ledige og tilrettelagde tomter i tre kommunale byggefelt. Tomtene er svært attraktive, har flott utsikt, gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa.
For dei som ynskjer større tomt enn dei som ligg i reguleringsplanen, er det mogeleg å kjøpe to tomter ved sidan av kvarandre og slå desse saman til ei større tomt. Tomtene ligg i opparbeidde byggefelt på Sørbøvåg, Hyllestad og i Leirvik, og har storleik frå 1000 til 1300 m2.
Hyllestad kommune ynskjer nye innbyggjarar velkomen, og satsinga på attraktive tomter kjem samstundes som kommunen har jobba mykje med nærings- og samfunnsutvikling dei siste åra. Om du tykkjer dette ser interessant ut, ikkje nøl med å kontakte oss.
Dei kommunale tomtene kostar 150.000,- + 20,- per m2.
Her er ei liste over ledige tomter rundt om i kommunen. Områda er synt ved reguleringsplanane for områda. Per no gjeld det desse felta:
Kommunale:
Private:
For meir informasjon om dei private, ta kontakt med dei nemnte over.
Det er og mange ledige hyttetomtar i kommunen. Ta kontakt so kan me hjelpe deg.
Sjå meir frå grendene her:
Ta kontakt med leiar for Plan og utvikling, Gaute Lundeland, for meir informasjon på telefon 57789529 eller e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no eller gaute.lundeland@hyllestad.kommune.no