Føljande vedtak kan klagast på:
-
Vedtak i byggesak eller delingssak
-
Dispensasjonar frå plan eller plan- og bygningslova
-
Vedtak om reguleringsplan.
Du kan ikkje klage på vedtak om kommuneplan.
Korleis klagar du ?
Klage skal vere skrifteleg
-
må innehalde kva vedtak det vert klaga på.
-
bør vere grunngjeven.
-
bør og innehalde eventuelle andre/nye opplysninger som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering
-
bør innehalde kva endringer ein ynskjer.
-
må vere underteikna og påført dato.
Klage skal sendast til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 HYLLESTAD
epost: postmottak@hyllestad.kommune.no
Treng du hjelp til å klage får du hjelp hos kommunen.
Sjølv om det er klagerett på enkeltvedtak kan tiltaket gjennomførast. Du kan søke om å få utsett igangsetting av tiltaket inntil klagefristen er gått ut eller klaga er avgjort. Kommunen avgjer om det er grunnlag for å utsette igangsetting, og denne avgjerda kan ikkje klagast på. Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål eller treng rettleiing i samband med dette.
Kommunen tar ikkje gebyr for behandling av klager.