Slik gjer du:
Klikk på kartside
Zoom inn i kartet til den aktuelle staden ved å scrolle eller bruke + og - knappane i kartet, ellers vil ikkje plankartet vise.
Klikk på ikonet med kommunevåpenet - kartlag
Hak av for Reguleringsplanar
Hak av for Reguleringsplan
Arealplan - kva seier den om min eigedom?
Det du skal byggje eller dele frå til, må vere i samsvar med plan. Før du går i gang med planlegging, må du difor sjekke ut kva planar og bestemmelsar som gjeld for din eigedom.
Det vil vere avgrensingar og føringar i kommune- eller reguleringsplan for kva du kan bruke området til og kva du kan bygge.
Det kan vere bestemmelsar for tomtestørrelse, byggegrenser, høgde, takvinkel og liknande. Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane.
Du får kommune- og reguleringsbestemmelsane via kartsidene til Hyllestad kommune, sjå link over, eller ved å henvende deg til kommunen.
Dersom tiltaket ikkje er i samsvar med plan, kan du søkje om dispensasjon.