Skal du overta fast eigedom ved arv, gåve, kjøp eller stifting av bruksrett over 10 år, er overtakinga i utgangspunktet konsesjonspliktig.
Det finst mange unntak frå konsesjonsplikta. Ofte kan ein fri seg frå konsesjon ved utfylling av skjema eigenfråsegn om konsesjonsfritak.
Konsesjonsforholdet må vere registrert i matrikkelen før ein sender inn skøyte til Kartverket.
Skjemaet sendast til Landbruksforvaltninga for Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Dei handsamar og registerer konsesjonsforholdet i matrikkelen.
E-post Landbruksforvaltninga: postlaf@askvoll.kommune.no
Landbrukssjef, Geir Grytøyra: geir.knut.grytoyra@askvoll.kommune.no