Kommunen kan justere ei grense mellom to eigedomar ved grensejustering, dersom det gjeld overføring av små areal.
Hovudregelen for grensejustering er:
- ein eigedom kan få auka eller redusert arealet med inntil 5 %.
- maksimalt areal som kan grensejusterast er 500 m2, uavhengig av prosentandel.
- ingen eigedom kan avgi meir enn 20 % av sitt areal før justeringa.
Grensejusteringar kan gjerast mellom alle type eigedomar, og blir ikkje tinglyst. Slike saker skal handsamast hjå kommunen ved oppmålingsforretning og føre dei nye grensene i matrikkelen.
Meir informasjon om grensejustering finn du i matrikkellova og matrikkelforskrifta.
Slik søker du om grensejustering
- Send søknadsskjema til kommunen. Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknadsskjemaet.
- Legg ved kart som viser ønska endring/justering av grensene.