Finn viktig informasjon om:

 

Breiband og mobilutbygging 2021 - 2024

Oversikt utbyggingsområde - Klikk for stort bileteOversikt breibandsdekning og utbyggingsområde

Plan for breiband og mobilutbygging vart vedteken av kommunestyret i april 2021 og det er avsett totalt 4 millionar til vidare utbygging i økonomiplanperioden.      

 

> Les planen via denne lenka

---

Nedanfor er dei ulike utbyggingsområda kort skissert og med status/framdrift per januar og så oppdateringar utover 2022:

 

Oppdatert 03. november 22

 

 

Breibandsutbygging

Espelandsområdet

NKOM- søknad innvilga med omlag 2 millionar i offentleg støtte.  Anbodsrunde er i gang og forventa tildeling april 2022, oppstart haust 2022 og ferdigstilling haust 2023.

Oppdateringar:

  • Tildeling i juni 22.
  • Tildelinga er klaga inn for KOFA og oppstart utsatt til 2023.

Rysjedalsvika, Nesje, Sognnes, Indrefjord og Kolgrov

NKOM- søknad innvilga med omlag 2 millionar i offentleg støtte. Anbodsrunde er i gang og forventa tildeling april 2022, oppstart haust 2022 og ferdigstilling haust 2023.

Oppdateringar: 

  • Tildeling i juni 22.
  • Tildelinga er klaga inn for KOFA og oppstart utsatt til 2023.

Skivenes

Enivest har etablert fiber på Skivenes og er i gang med sal. Forventa ferdigstilling av prosjektet januar 2023.

Brendsdal

Kontrakt er signert med Enivest, sal til kundar er i gang. Forventa ferdigstilling av prosjektet januar 2023.

Vassenden

Breibandsutbygging blir avventa til vi ser kva mulegheiter den planlagde mobilutbygginga vil gje. Forventa avklaring i løpet av 2023.

Horne, Høydal og Sundbotn

Breibandsutbygging blir avventa til vi ser kva mulegheiter den planlagde mobilutbygginga vil gje. Forventa avklaring i løpet av 2023.

 

Mobilutbygging

Kommunen er pådrivar for eit par mobilutbyggingsprosjekt av Telenor. Dette gjeld følgjande område:

Salbu - Horne (Kvimsen)

Telenor har vedteke utbygging av ny mobilsendar på Kvimsen.

Oppdateringar:

  • BKK arbeider med og rydde skog for å få fram straum og fiber
  • Oppstart montasje av antenner, radioutstyr og radiolinje i veke 38
  • Planlagt ferdigstilling utsett til november/desember 2022 (kobbarnettet blir ikkje lagd ned før Kvimsen er klar)
  • Montasje av antenner, radioutstyr og radiolinje utsett til veke 44
  • Ferdigstilling utsett til slutten av november

Status Arnfinnheia:

Telenor har vert på befaring på Annfinnheia og har i ettertid gjort teoretiske berekningar på mobildekninga som ein sendar vil gi. Berekningane viser liten og ingen endring på mobil dekninga kontra det sendaren på Kvimsen er berekna og gi. Når det gjeld datatrafikk, så vil ein derimot gje vesentleg betre dekning.

Etter at den nye sendaren på Kvimsen blir satt i drift, så vil det bli gjennomført eksakte målingar i området.

Espelandsområde (Halsefjellet)

Status er at ein er i dialog med Telenor om prosjektet. Forventa ferdigstilling haust 2022.

Oppdateringar:

  • BKK er i forhandlingar med grunneigarar om kraftframføring
  • Planlagt ferdigstillilng første halvdel av 2023

Generelt så syner målingar gjort av Dekningsspesialisten vinteren 2021 at Telenor og Ice har best dekning langs vegnettet i Hyllestad (ref. plan for breiband og mobilutbygging). Etter at Telenor har gjennomført dei to planlagde utbyggingane, vil Telenor ha god dekning langs det aller meste av vegnettet i kommunen.

Kontakt og tilbakemeldingar

Ta gjerne kontakt for informasjon, innspel og tilbakemeldingar, vi vil gjerne høyre frå dykk.

Tlf. 57789500 eller via postmottak@hyllestad.kommune.no