Finn viktig informasjon om:

 

Vaksinering mot sesonginfluensa og korona

Hyllestad legekontor tilbyr sesonginfluensavaksine til personar i risikogruppene.

Sesonginfluensa

Bestille tid til vaksinering

Kontakt legekontoret på telefon 577 89 520 for å tinge tid til vaksinering.

Pris

Årets sesonginfluensavaksine kostar 150 kroner.  Vaksina vert  ikkje dekka av eit eventuelt frikort.  

Grupper som vert tilrådd å ta influensavaksine

Influensavaksine vert tilrådd spesielt for:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særskilt barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • Diabetes type 1 og 2
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særskilt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • Nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • Særs alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og sammensette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg vert det anbefalt influensavaksine til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl i tråd med risikonivå 3 i Mattilsynets Planfor forebygging og bekjempelse av aviær influensa.

Koronavaksinering

FHI har varsla at det kan komme ein ny smittetopp i løpet av hausten/vinteren og at viruset stadig forandrar seg.  Det er difor tilrådd at enkelte gruper tek ein ny oppfriskingsdose.  Det bør ha gått minimum fire månader mellom førre dose og ny oppfriskingsdose.

Bestille tid til vaksinering

Dersom du manglar eller treng vaksine mot korona, ta kontakt med legekontoret på telefon 577 89 520 for å avtale tid til vaksinering. 

Pris

Vaksine mot korona/covid-19 vaksine er gratis.

Grupper som vert tilrådd å ta influensavaksine

  • Alle som er 65 år og eldre, inkludert sjukeheimsbebuarar
  • 18 år og eldre og tilhøyrer risikogruppene (jf. ovanfor)
  • 12 - 17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. eller 3. trimester

Ny oppfriskingsdose vil for dei fleste vere dose 4 med koronavaksine, men for enkelte med svekka immunforsvar kan det vere dose 5.  Tilrådinga om ny oppfriskingsdose gjeld òg dersom du nyleg har hatt koronasjukdom.  Det bør gå 3 - 4 månader frå du er fristk til det vert gitt ny oppfriskingsdose.

> Informasjon om sesonginfluensa på helsenorge.no

> Informasjon om koronavaksine på helsenorge.no