Finn viktig informasjon om:

 

Atomberedskap

Hyllestad kommune viser til mattilsynet sine råd og rettleiing angåande beredskap for eventuell utslepp av radioaktive stoff i Ukraina og krigen der.

Eit utslepp av radioaktivt stoff i Ukraina vil ikkje føre til akutt fare for folk i Norge. Avstanden er så stor at utslepp vil fortynnast kraftig før det kjem til oss.

 

Jodtabelettar

Det vil ikkje verte gitt anbefalingar om å ta jodtablettar, og å halde seg innandørs ved eit eventuelt utslepp av radioaktive stoff i Ukraina. Som sagt er avstanden så stor at utsleppet vil fortynnast før det kjem  til Norge.

 

Mat - Aktuelle tiltak i næringsmiddelkjeden

Eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina kan føre til at næringsmidlar i delar av Norge vert forureina av radioaktivt nedfall. For å sikre trygg mat, kan det bli aktuelt å sette inn tiltak som:

  • Halde dyr innandørs, og å endre haustetidspunktet for grønnsaker.
  • Mat i butikk er trygt. Butikkar føl normale kontrollrutinar og er trygge.
  • Mat vil kontrollerast iht regelverket og eventuelle særskilde førskrifter ved behov.
  • Harmonisert regelverk og grenseverdi med EU.

 

Drikkevatn

Fortynning av utslepp grunna avstand frå Ukraina til Norge, vil bidra til lågare nivå av radioaktivt stoff.

Kommunen oppdaterar beredskapsplanen i desse dagar, og beredskap på vassverka til kommunen er klargjort i drift- og vedlikeholdsavdelinga. Beredskap for tildekking med store pressenningar over vassverka

Nasjonale myndigheiter oppfordrar alle landets bebuarar å lagre vatn til å ha i beredskap. Bruk dunkar og flasker. Vatn kan opbevarast slik over fleire år, og ha like god vasskvalitet. Sikre deg og familien din for vatnberedskap for 3 dagar.

 

Matplanter

Ta inn eller dekk til haustavlingar.

 

Dyrefor

Haust alle produkter før nedfall.

Ta inn, eller dekk til haustavlinga.

Prioritering ved mangel på reint fòr:

  • Mjølkekyr.
  • Kjøttproduserande dyr som snart skal slaktast.
  • Sjåast i samanheng med bruk av cesium bindere (berlinerblått).

 

Dyr

  • Ta inn husdyr – storfe og sau.
  • Innandørs fjørfehold og svin, treng ikkje tiltak.

 

Ved utslepp frå kjernekraftverk i Ukraina:

  • Lite truleg at det er behov for å redusere ventilasjon til husdyrrom og fòrlager medan utslepp pågår.

 

Etter nedfall

  • Måle levande dyr i områder med mykje nedfall.
  • Gje dyr mindre forurensa fòr før slakting (nedfòring).
  • Bruk berlinerblått i fòr og/eller saltslikkestein.
  • Endre slaktetidspunkt.
  • Vidareforedling av mjølk til mindre forureina produkt.

 

Ville artar frå land og ferskvatn

  • Restriksjonar i jakt, fiske og sanking.

 

Sjømat

  • Lite sansynleg at nivået blir for høge.

 

Her finn du mattilsynet sin informasjon om radioaktivitet og atomberedskap

Her finn du nettsida til direktoratet for strålevern og atomsikkerheit

 

 

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sin informasjon og rettleiing om eit evntuelt utslepp av radioaktive stoff frå Ukraina

  • Jodtabelettar og innandørsopphald er ikkje naudsynt.
  • Mulige behov for tiltak i næringsmiddelproduksjon.
  • Mulige kostholdsråd for cisternevatn, kjøkkenhagar, sanking, fiske og jakt.
  • Det kan bli naudsynt med råd som tildekking av sandkassar.
  • Det vert eit stort behov for å måle strålingsnivå i mat og miljø.