Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Ledige tomter

Klikk for stort bilete

 

Er du på utkikk etter draumetomta?  I så fall kan Hyllestad vere kommunen du leitar etter.


Kommunen har ledige og tilrettelagde tomter i tre kommunale byggefelt. Tomtene er svært attraktive, har flott utsikt, gode solforhold og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa.

For dei som ynskjer større tomt enn dei som ligg i reguleringsplanen, er det mogeleg å kjøpe to tomter ved sidan av kvarandre og slå desse saman til ei større tomt. Tomtene ligg i opparbeidde byggefelt på Sørbøvåg, Hyllestad og i Leirvik, og har storleik frå 1000 til 1300 m2. 

Hyllestad kommune ynskjer nye innbyggjarar velkomen, og satsinga på attraktive tomter kjem samstundes som kommunen har jobba mykje med nærings- og samfunnsutvikling dei siste åra. Om du tykkjer dette ser interessant ut, ikkje nøl med å kontakte oss.

Dei kommunale tomtene kostar 150.000,- + 20,- per m2.

Her er ei liste over ledige tomter rundt om i kommunen. Områda er synt ved reguleringsplanane for områda. Per no gjeld det desse felta:

Kommunale:

Private:

For meir informasjon om dei private, ta kontakt med dei nemnte over.

Det er og mange ledige hyttetomtar i kommunen. Ta kontakt so kan me hjelpe deg.

Sjå meir frå grendene her:

Ta kontakt med kontaktperson Gunn Lerøy for meir informasjon på telefon 57789503/45211775  eller e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no eller gunn.leroy@hyllestad.kommune.no