Informasjon frå biblioteket

Klikk for stort bilete 

 

 

Grunna førebyggjande tiltak mot korona har kommunehuset og biblioteket vore stengt for besøk sidan 12.mars.

Det har likevel vore mogleg å låne bøker og levere bøker. Ta kontakt med biblioteket pr telefon 5778940 eller epost: bibliotek@hyllestad.kommune.no. Så avtalar vi tid for henting/levering.

Vi minner om at du kan låne ebøker via appen Bookbites. Denne har ein tilgang til via Meg og Mitt på biblioteket si heimeside: https://hyllestad-fb.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx?Unit=6465&db=hyllestad-fb

I veke 31 og 32 (27.juli-9.august) er biblioteket feriestengt.

Ved skulestart vonar vi at biblioteket får vanlege opningstider.