Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Korleis finne arealplan og planbestemmelsar

Gå inn på  KART

Klikk inne i kartet, og finn det aktuelle området ved å scrolle eller bruke  Zoom + - nede i meny nederst på sida. Du kan flytte på kartet ved å holde inne venstre musetast og dra kartet.

Ver obs på at du må zoome deg inn til aktuelt område for å få fram detaljert plankart.

Arealplanane får du fram ved å peike på Kartlag nede på sida. Velg plantype - reguleringsplan eller kommuneplan, og dette vil vise i kartet med fargekode for dei ulike arealføremåla. Øverst til høgre under Meny finn du teiknforklaring til arealføremåla i kartet.

 

Finn reguleringsplan:

 

  • Zoom inn til aktuelt område
  • Velg Reguleringsplan under Kartlag, nederst på sida.
  • Klikk inne på kartet i planområdet
  • Velg RpOmråde. Her ligg infomasjon om planen.
  • Velg Vis i Webplan. Her ligg lenkjer til plandokumenta.

 

Klikk for stort bilete

 

  • Planføresegner finn du under " Gjeldende bestemmelser
  • Planføresetningar ligg under " Planbeskrivelse "
  • Reguleringskartet ligg under "Arealplankart "

     Reguleringsplan øvesyn (PDF, 381 kB)

 

Finn kommuneplan:

  • Zoom inn til aktuelt område
  • Velg Kommuneplan under Kartlag, nederst på sida.
  • Klikk inne på kartet i planområdet
  • Velg KpOmråde. Her ligg informasjon om planen.
  • Velg Vis i Webplan. Her ligg lenkjer til plandokumenta
  • Kommuneplanen sin tekstdel ligg under "Gjeldende bestemmelser"
  • Kommuneplankartet ligg under "Arealplankart

      Kommuneplan samfunnsdel (PDF, 185 kB)      Kommuneplan arealdel (PDF, 2 MB)

Om dei digitaliserte plankarta

Dei digitaliserte plankarta kan vere forenkla og standardisert i høve til dei vedtekne plankarta som du finn i  Vis i Webplan. I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig å samanlikne det digitale plankartet med det opprinneleg vedtekne plankartet for avklaring av det juridiske innhaldet i plankartet.