Finn viktig informasjon om:

 

Vi søkjer etter rettleiar til NAV Hyllestad

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteSøknadsfrist 14.08.2022.

> Send oss ein søknad her.

NAV Hyllestad er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Hyllestad kommune.  NAV-kontoret i Hyllestad har i dag 3 årsverk, og har kontor i kommunehuset på Hyllestad.  Vi har ledig to x 100 % stilling som rettleiar der ein vil bli tilsett på kommunale vilkår.

I tillegg til den statlege tenestemenyen og tenester etter lov om sosiale tenester i NAV, har kontoret ansvar for Husbankordningane startlån, bustadtilskot og bustønad, samt introduksjonsprogrammet og elles koordinering innan flyktningområdet.

NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som søkjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver, og som kan nyttiggjere seg potensialet som ligg i dei digitale framstega for å levere gode tenester.

  • Behovsavklaring og individuell oppfølging med fokus på utdanning, arbeid, aktivitet, meistring og sjølvstende.
  • Bruke relevant regelverk i rettleiing og i sakshandsaming.
  • Knyte kontaktar og oppretthalde gode samarbeidsrelasjonar med arbeidsgjevarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar både internt og eksternt.
  • Publikumsmottak.
  • NAV er i omstilling, noko som kan medføre endringar i både oppgåver og arbeidsområde.

> Heile annonsa finn du på heimesida vår.

Velkomen som søkjar!