Vi legg om Koronatestinga i kommunen til primært å bli utført ved sjølvtesting

Vi nyttar sjølvtestar som vert levert ut på legekontoret  

Informasjon om koronatesting - hurtigtesting

Det vert levert ut 2 testar med enkel rettleiing og instruksjon. Hurtigtestar skal berre leverast ut til personar som har behov for test grunna nyoppståtte symptom.

Her får du utlevert hurtigtest

Hurtigtestane vert levert ut på legekontoret.

PCR-testing

PCR-testing vert framleis nytta når det er naudsynt; til å verifisere positive hurtigtestar eller ved krav om PCR før utlandsreise

NB! - er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlege i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117