Vi digitaliserer utsending av fakturaer


digipost - Klikk for stort bilete

 

Hyllestad kommune vil i løpet av oktober gå over til å sende faktura digitalt til alle våre kundar.

Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein av avtalane som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen.

Fakturablankettane frå oss endrar utsjånad og vil no vere utan bankgiroblankett.

Faktura frå kommunen til deg blir sendt som følgjande:

Avtalegiro og e-faktura
Dersom du allereie har ein avtale med oss om avtalegiro og e-faktura, vil du framleis få fakturaen som før. 
Viss du ønskjer å opprette avtalegiro må du kontakte banken din. 
Ønskjer du å opprette e-faktura gjer du dette i nettbanken din.

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale
Om du er registrert med ei gyldig e-postadresse i kommunen sitt kunderegister, vil du få ein e-post med tilbod om å inngå eFaktura-avtale med Hyllestad kommune.  E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale.
Det er sjølvsagt valfritt om du ønskjer å inngå slik avtale.

Vipps faktura
Faktura via Vipps føreset at du er brukar av Vipps, har aktivert tenesta "Vipps Regninger" og har registrert eit gyldig mobilnummer i vårt kunderegister.  Kontakt oss på faktura@hyllestad.kommune.no om du ønskjer å få registrert mobilnummeret ditt.
Meir informasjon finn du på www.vipps.no

Digipost eller eBoks
Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. 
Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du å www.norge.no, www.digipost.no og www.eBoks.no

E-post
Faktura blir sendt som vedlegg til e-post.  Dette føreset at du er registrert med ei gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt.  Du kan kontakte oss på faktura@hyllestad.kommune.no om du ønskjer å få registrert e-postadressa di.

Viktig for deg som nyttar brevgiro
Den nye fakturaen frå Hyllestad kommune er utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro.  Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon.  Informasjonen som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss.  Tomme bankgiroblankettar får du i din lokale bank.

Informasjon som må fyllast ut på den tomme fakturablanketten er:
Beløp
Betalaren sitt bankkontonummer
Betalt av
Betalt til
Kundeidentifikasjon (KID)
Kroner og øre
Til konto

Faktura som vert sendt til rekneskapsførar/andre mottakarar enn deg sjølv
Har du i dag ein rekneskapsførar som mottek faktura på vegne av deg, eller du har ein annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene overstyre dei som mottakarar, dersom kunden er registrert med personnummer.  Då vert fakturaen sendt til kunden i staden for til "annan mottakar".  Vi oppmodar difor dykk som har "annan mottakar" til ikkje å inngå avtale om digital postkasse.


Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå video om den nye digitale løysinga på YouTube.