Varsling om planoppstart og høyring av planprogram - kommuneplanen sin arealdel 2019-2030

Formannskapet gjorde i møte 28.11.2018 i sak FORM-18/122

1. Hyllestad kommunestyre vedtek start på arbeidet med ny kommuneplan Arealdel. Oppstart av arbeidet vert gjort offentleg i tråd med PBL § 11-12.
2. Hyllestad kommune vedtek å legge framlegg til planprogram for kommuneplan arealdel ut på høyring, i samsvar med PBL § 11-13.

 

planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad og hovudfokus for revideringa av arealdelen.

Framlegg til planprogram er tilgjengeleg her: Høyringsframlegg -Planprogram arealdelen 2019-2030  (PDF, 957 kB)

 og i papirformat ved sentralbordet på kommunehuset.

Det varslast også om planoppstart. Her kan ein komme med konkrete innspel til endra arealbruk og/eller forslag til tiltak.Ved eventuelle innspel til endra arealbruk og/eller forslag til tiltak må innspelet skildrast. Her er informasjon som må vere med:

  •  Informasjon om eigartilhøve og gbnr

  •  Kart med tydeleg avgrensing av område med framlegg til endra arealbruk

  •      Kort skildring og grunngjeving for forslag til endring/ny arealbruk

  •  Omtale av framlegg til endra arealbruk og omfanget av eventuell framtidig utbygging, og  tidsramme for gjennomføring av tiltaket

Eit nyttig kartverkty finn ein på https://kommunekart.com/klient/hyllestad/kommunekart

Frist for å komme med innspel til planprogrammet og planoppstart vert sett til 31.januar 2019 og kan rettast til: Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller postmottak@hyllestad.kommune.no