Finn viktig informasjon om:

 

Ut og reise med koronasertifikat?

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteSommaren er her, og du skal kanskje reise til eit land som krev koronasertifikat?

Koronasertifikat 

Reglane for koronasertifikatet er fastsette av EU, og kan vere kompliserte å sette seg inn i.  Hugs å sjekke om landet du skal reise til krev koronasertifikat.  

> Sjekkliste for koronasertifikat på Helsenorge

> Reopen EU eller Reiseklar-appen frå Utanriksdepartementet

 

Koronasertifikatet ditt finn du på Koronasertifikat på Helsenorge, eller enno enklare - ved å laste ned Helsenorge-appen og opne koronasertifikatet der.

 

WHO sitt internasjonale vaksinasjonssertifikat

Enkelte land krev tilleggsdokumentasjon utanom koronasertifikat, slik som internasjonalt vaksinasjonssertifikar, frå WHO (òg kjent som gult vaksinasjonskort eller gulfebersertifikat), for å dokumentere vaksinasjonsstatus for koronavaksiner.  Det internasjonale vaksinasjonssertifikatet er ikkje knytt til EU-orndninga.  Sjekk kva som gjeld for landet du skal reise til.

Du kan ikkje sjølv bestille gult vaksinasjonskort, dette må gjerast av helsepersonell som tingar desse frå FHI.

Feil- eller mangelfull registrering av vaksinasjonar påvirkar koronasertifikatet

Gyldigheita av koronasertifikatet er heilt avhengig av at registrerte vaksinasjonar i SYSVAK er korrekte og oppdaterte. Ved feilregistreringar eller mangelfulle vaksinasjonsopplysningar, må personar vende seg til ansvarleg vaksinasjonsstad slik at feil vert retta der. Vaksinatør har meldeplikt til SYSVAK, og er ansvarleg for at opplysningane er korrekte.

For at helsetenesta skal kunne gje god hjelp til innbyggjarar som vender seg om problem knytt til sitt koronasertifikat, er det fint om du som oppdagar feil sjekkar eigne grunndata på www.helsenorge.no under tenesteområdet Vaksine. Det er også mogleg å sjekke den utvida innsynsløysninga som heiter Helseregistre. Denne sjekken er en viktig del av kvalitetsarbeidet for å finne feilen det gjeld.

Ta kontakt med legekontoret for å få retta opp i feil- eller mangelfull registrering av dine vaksinasjonar.

 

> FHI:  Smittevernråd ved reiser