Ureining frå bilvrak

Oppsamling av bilvrak er eit problem i mange kommunar, også i Hyllestad kommune. Oppsamling av bilvrak er ureining og forsøpling. Ureinar og grunneigar pliktar å rydde opp, og risikerer fengelsstraff om ureininga får halde fram.

Eitkvart bilvrak vil før eller sidan ruste, og miljøskadelege stoffer gå i grunnen. Alle biler som ikkje er miljøsanert innehelde rester av drivstoff, olje, frostvæske, kuldemedier, bremsevæske, batterier, oljefiltre, kvikksølvholdige komponenter mm.

I tillegg til at bilvrak førar til ureining, vil dei kunne vere skjemmande for omgjevnadene.

Oppbevaring av bilvrak kan vere brot på både ureningslova § 27 og 28 og plan- og bygningslova § 28-5. Kasserte køretøy er vidare regulert i avfallforskriften kapittel 4.

Oppbevaring av bilvrak som fører til ureining er straffbart. Både grunneigar og eigar av bilvraket er ansvarleg for ureininga- Kommunen kan gje pålegg om fjerning og tvangsmulkt. I dei alvorlege tilfella vil kommune anmelde tilhøva.

Sjå meir informasjon på heimesida til Økokrim.

Veileder om bruk av straff ved brot på ureiningslova.

Du kan melde frå om ureining på e-post