Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
Vi har òg etablert ei eiga telefonlinje lokalt dersom du er bekymra for smitte - 91875865 08.00 - 11.30 på kvardagar.

 

 

Til gravide og småbarnsforeldre - ny app tilgjengeleg

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

> Helseoversikt

 

 

 

Helsestasjons- og jordmortenesta i Hyllestad kommune har teke i bruk app'en Helseoversikt.

Dette er ei løysing som gir gravide og småbarnsforeldre trygg og relevant helseinformasjon. 

I ei tid der helsestasjonstilbodet er redusert, er dette ein app som vi kan gå god for og som samlar relevant informasjon frå trygge og kvalitetssikra kjelder. 

App'en er gratis, bakdelen er at den er reklamefinansiert. Men all reklame er samla i ei mappe kalla "fordelar", slik at du kan velje å ikkje forholde deg til den ved å ikkje gå inn i denne mappa.

Om de har spørsmål, ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor.

Kontakt

Siv Storøy

Leiande helsesjukepleiar
Telefon : 57789512
E-post :