Temakafé for kreftpasientar, pårørande og etterlatte.

Velkommen til temakafé for kreftpasientar,  pårørande og etterlatte.

Temakafe er ein uformell møteplass der vi tar opp kreftrelaterte tema, og du kan møte andre i liknande situasjon.

Du er hjarteleg velkommen torsdag 25 mai kl. 18.00-20.00.

Stad: Friskliv- og frivillegsenter, Firdavegen 12. 6800 Førde (1 etg.avishuset Firda)

Tema denne kvelden er; Å leve med alvorleg kreftsjukdom. Digitalt innlegg v/ Mirjam Østevold, Kreftforeningen sitt Vardesenter i Bergen. Etterpå vert det samtale i plenum.

Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding. Ta gjerne med ein ven om du vil. Temakafeen blir driven i eit samarbeid mellom Sunnfjord kommune, frivillige og Kreftforeningen

For meir informasjon, kontakt kreftkoordinator Berit Ullebust, mobil 94824254.