Synfaring langs Espelandsvatnet og tilhøyrande nedbørsfelt.

Kommunevåpen Wiki - Klikk for stort bilete
Hyllestad kommune har gått inn eit prosjekt med Sogndal og Luster, for å kartlegge tre ulike vassdrag der det er usikkerheit om tilstand. For Hyllestad,er det Espelandsvatnet som skal vurderast.

Hyllestad kommune har ansvar for oppfylging, og har inngått ein avtale med NIBIO om hjelp til å analysere situasjonen. Årsakene er truleg samansett. Både kloakk, avrenning / utslepp frå landbruket, låg vassføring og andre faktorar kan spele inn.

Kommunen og NIBIO tek sikte på ei synfaring langs heile vassdraget i perioden 07.juni.

Formålet med arbeidet er å finne ut om det bør setjast i verk tiltak, og kva som i så fall er dei mest kostnadseffektive tiltaka.

Ta kontakt om de har spørsmål.