Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

Stortingsvalet 2021 - Kunngjering om utlegging av manntal

Klikk for stort bilete

 

Står du i manntalet?


For å kunne røyste ved Stortings- og sametingsvalet må du stå i manntalet.

.

 

 

Manntalslistene ligg til offentleg ettersyn frå 13. juli til og med valdagen 13. september 2021.  Manntalet er lagt ut på kommunehuset på Hyllestad.

Sjekk at du står i manntalet! 

Du har røysterett i den kommunen du var registrert i folkeregisteret per 30.06.2021.  Du kan velje om du vil røyste i denne kommunen på valdagen eller røyste på førehand.  Tid og stad for førehandsrøysting vert kunngjort særskild.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet, eller det er andre feil i listene, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen.  Ei eventuell klage skal vere skriftleg og grunngjeven.

Adressa til valstyret:  Hyllestad kommune v/valstyret, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.