Stor brannfare i skog og mark

Skogbrann på Stigestrand 14 - Klikk for stort bilete Det er for tida stor skog- og grasbrannfare i Hyllestad. Les artikkel for informasjon om forbod og tilråding i forhold til bruk av eld.

Bilete frå skogbrann på Stigestrand, Leirvik den 14.05.18.

Hyllestad kommune minner innbyggjarar på at det no er forbode mot bruk av eld i eller i nærleik av skog og utmark utan løyve frå kommunen. Det nasjonale forbodet gjeld i perioden 15 april – 15 september.

Det er for tida stor skog- og grasbrannfare i Hyllestad. 4 veker utan nedbør, med vind og høge temperaturar har gjort til at vegetasjon og jordsmonnet er veldig tørt. Eld, gneist eller varme overflater kan lett antenne vegetasjon og spreie seg fort. Det vil krevje store ressursar for å handtere ein skogbrann og store verdiar kan gå tapt.

Vi råder derfor innbyggjarane til å unngå all bruk av eld og aktivitetar som kan medføre brann. Dersom ein ikkje kan unngå rådet så oppmodar vi innbyggjarar til å vise særleg varsemd.

Eksempelvis ved at grilling føregår på eit grusa underlag, platning eller i ei fjære med god avstand til vegetasjon og bygg. Ikkje fyr opp bål som gir gneister. Ha sløkkeutstyr lett tilgjengeleg som sløkkeapparat og trykksatt vasslange. Fukt gjerne vegetasjon i område rundt. Aske frå grillar må handterast forsvarlig før ein forlet området. Sløkk dette godt med vatn. Spesielt eingongsgrillar, som skal kastast i godkjend restavfalsbehaldar av stål.


Vi ber vaksne å ta ein prat med born om konsekvensane ved bruk av lighter og fyrstikker ute.