Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn
Manntalet for Hyllestad kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn til og med valdagen 11. september 2023, og er tilgjengeleg i papirform på kommunehuset på Hyllestad. Her kan du sjekke om du er oppført i manntalet i vanleg opningstid.
Manntalet er ei oversikt over kven som har røysterett i ein kommune. Er du busett i Noreg, vert du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert i som busett den 30. juni 2023.
Har du flytta til ein anna kommune etter denne datoen, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå.
Du kan røyste på førehand i kva kommunen som helst, men skal du røyste på valdagen må du gjere det i eit vallokale i kommunen du er manntalsført.
Feil i manntalet
Om du meiner du er nokon andre er uriktig innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen vert retta.
Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til Valstyret i Hyllestad kommune. Send per post til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.
Vi gjer merksam på at opplysningar om butid er underlagt teieplikt jf. folkeregisterlova § 9-1. Kommunen har ikkje heimel til å innhente teiepliktbelagte opplysningar frå Folkeregisteret i samband med valmanntalet. Difor må du som veljar sjølv hente inn slike opplysningar frå Folkeregisteret ved å ta kontakt med skattekontoret eller ved å nytte Skatteetaten sine elektroniske tenester på skatteetaten.no.
Opplysningane skal leggjast ved eit krav om retting av feil i manntalet.