Skippertaket 2025

Skippertaket er eit samarbeid mellom Jensbua Kystkultursenter, Nedre Jølster Bilelag, Norsk Kystkulturakademi, Ove Losnegård Snikkar & båtbyggjar og Fjordkysten regional- og geopark. 

Sidan 2020 har fire av partnarane i Fjordkysten regional- og geopark kvart år redda eit trua kystkulturminne på dugnad.

Vi ser med stor uro på at så mange gamle naust, sjøbuer og andre kulturminne forfell og forsvinn, og vil gjerne bidra til livsforlengande omsorg for dei!  

Håndverkerne set av ei helg , vanlegvis i midten av juni, der dei saman med frivillige berger ein bygning eller eit anna kystkulturminne i ein av medlemskommunane våre. Det vert gjort avbøtande og livsforlengande tiltak slik at konstruksjonen ikkje dett ned eller blir øydelagt på anna vis fram til det kan bli sett i stand skikkeleg.

 Verdien av dugnaden kan tilsvara så mykje som eit heilt månadsverk, utført av dyktige fagfolk. 

Skippertaket er og ein verkstad der handverkarar og interesserte lærer av kvarandre og utvekslar erfaringar, blir betre kjende og har det fint ilag.

Under dugnaden har vi på ulike måtar kunnskapsoverføring av tradisjonshandverk, både praktisk og teoretisk, t.d foredrag. Vi oppfordrar alle som ynskjer å lære meir på feltet om å delta , og oppfordrar særleg ungdom til å bli med, det er ope for alle! – Her får ein lære av erfarne og dyktige handverkere! 

Vi føreset at eigar lagar ein plan for korleis kulturminnet kan leve vidare, og fullførar prosjektet etter at vi har redda det mellombels. Vi kan etter avtale bidra med å lage plan og skrive søknad om midlar til tiltaket og eventuelle vidare istandsetjing.

Eigar står for kost og losji for deltakarane i dugnaden. Det er vanlegvis svært sosialt og hyggeleg ! 

Er du interessert i at vi skal redde ditt kulturminne? – ALLE kan søkje – ta gjerne  kontakt J


Skriv nokre ord og send bilete til post@fjordkystparken.no
 

Søknadsfrist: 1. mars  2025
 

Spørsmål? 

Kontakt Trude Søilen: post@fjordkystparken.no/        

Eller Ove Losnegård: post@ovelos