Røykvarslardagen 1.desember

Coverbilde_profil_nynorsk.png - Klikk for stort bilete Laurdag den 1.desember har røykvarslaren bursdag. Vi anbefaler dykk alle å gi kvar røykvarslar eit nytt batteri i gåve, og får røykvarslarane til å synge sin eigen bursdagsang ved å trykke på test knappen. Du kan også reingjere røykvarslaren til jul ved å støvsuge den.

 

Røykvarslaren er eit av det viktigaste utstyret vi har i heimen mot brann. Den vil varsle oss tideleg om brann, når vi ligg å søv eller oppheld oss i eit anna rom. Dette gir oss moglegheit for å få alle våre kjære trygt ut av bustaden og sløkke brannen før det er for seint. Statistikk i Norge viser at halvparten av brannar med dødsfall skjer i bustadar som ikkje har fungerande røykvarslar.

I tida fram mot jul og nyttår er det normalt høgare fare for brann i heimen. Dette følgjer ved bruk av levande lys (stearinlys), elektriske omnar, fyring i vedomnen, og høg belastning på komfyr under julebaksten og middag. Det skal gjerne skje mykje samtidig som matlaging, reingjering og pynting til jul. Dette kan føre til at vi ikkje alltid følgjer med. Vi bør derfor vere godt førebudd ved å bytte batteri og kontrollere at røykvarslaren verkar med jamne mellomrom.

Viste du forresten at røykvarslaren har normalt ei levetid på 10 år, og bør bytast etter det? Dette er blant anna på grunn av støv og feitt som samler seg opp over tid i sensoren. 

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom DSB, Norsk brannvern foreining, Gjensidige, det lokale elektrisitetstilsynet og brannvesenet.

Meir informasjon om brannalarm og sløkkeutstyr i bustad/fritidsbustad finn du på kommunen si heimeside ved å trykke på lenka: https://www.hyllestad.kommune.no/tenester/plan-tekniske-tenester-og-byggesak/brann-og-feiing/feiing-og-tilsyn/brannalarm-og-slokkeutstyr-i-bustad-og-fritidsbustad/

Med vennleg helsing
Brannsjefen
Hyllestad kommune