Kåre Olav Hatlebrekke
Rein Sognefjord 2024, i regi av Framtidshavet, er ein ryddeaksjon som vert arrangert den 12. september. Framtidshavet forankrar aksjonen lokalt og bidrar til koordinering av avfallstransport, set ut containerar (plassert på Sørbøvåg og i Leirvik), levera hanskar og avfallsposar til kommunane.
For Hyllestad er dette ein god moglegheit til å samle lokalsamfunnet og bidra til ein reinare fjord og kommune.
Når: Torsdag 12. september 2024, eller når ein har høve mellom 8. og 15. september medan containerane er tilgjengelege. Det viktigaste er at det blir rydda!
Kvar: Eit område du vel å rydde, kan vere i strandsona og på land – du kjenner ditt nærområde best.
Spørsmål rettast til Linnea på e-post i denne lenka
Eller på telefon 57789539
Kva treng Hyllestad av frivillige?
- Gruppeleiar
- Ryddegruppe
- Avfallstransportørar
Kva inngår i dei ulike rollane?
Ein gruppeleiar:
- Tek seg av “leiarjobben” i ei ryddegruppe med frivillige.
- Vel ut og registrerar område som skal ryddast - i skjema og på ryddenorge.no.
- Hentar ut rydde-utstyr til gruppa på kommunehuset i Hyllestad.
- Får tilsendt kontakt info. til avfallstransportør - til å melde ifrå når området er ferdig rydda og kvar avfallet skal hentast.
Ein gruppeleiar er viktig for å registrere mengde avfall og rydda område. Informasjonen blir sendt til dei som løyver midlar til frivillige strandryddingsprosjekt.
Frivillige ryddarar:
- Individuelle eller gruppe som ynskje å vere med å rydde eit område i Hyllestad.
- Få informasjon frå gruppeleiar om oppmøte og tidspunkt.
Ein avfallstransportør:
- Hentar oppsamla avfall på avtalt område, når ein har tid til å transportere det til containeren.
- Fraktar avfallet til utplassert container - i båt eller bil (til Sørbøvåg eller Leirvik).
Mangel på avfallstransportørar gjer at ryddelaga må frakte avfallet sjølve, noko som ofte førar til at ein ikkje kan rydde meir enn ein greier å bere. Då blir det rydda mindre, og ein må sannsynlegvis rydde på nytt seinare. Det beste er å ha ein skikkeleg ryddeøkt når ein først er i gong!
Svar på vanlege stilte spørsmål:
Må skular og barnehagar registrere seg med gruppeleiar?
- Ja. Det er viktig at framtidshavet har en kontaktperson, sånn at ein får koordinert henting av avfall etter endt ryddeaksjon.
Får ryddelaga tildelt eit rydde-område?
- Nei, alle ryddelag vel sitt eige område. Dykk kjenne lokalmiljøet best. (Hugs å registrer det på Ryddenorge.no)
Må ein rydde ved vatnet?
- Nei, alle kan rydde der dei vil. Ein kan fint rydde rundt skulen, kontoret eller utanfor nærbutikken.
Må ein rydde heile dagen?
Må ein rydde torsdag 12. september?
- Nei, du kan rydde utanom torsdag 12. september. Men, om det ikkje er på avfallstransportørane sine registrerte hentedatoar, må du sjølv transportere avfallet til containeren. Containeren vert fjerna måndag 16. september
Eg vil vere frivillig – korleis går eg fram?
1. Registrer deg på framtidshavet her! (For gruppeleiar og Avfallstransportør)
2. Opprett/meld deg på ein ryddeaksjon på ryddenorge.no (gruppeleiar)
3. Før ryddeaksjonen: (gruppeleiar)
4. Etter ryddeaksjonen: (gruppeleiar)
Vi håpar så mange som mogleg i Hyllestad vil registrere seg i rollar og blir med på Rein Sognefjord 2024!