Rein Sognefjord 12.09.2024 - Plastrydding av Sognefjorden

Rein Sognefjord er i regi av Framtidshavet som tidlegare har rydda Hardangerfjorden - no står Sognefjorden for tur. 

 

  • Kva: Storstilt ryddedugnad der vi ryddar heile Sognefjorden
  • Kvar: I ditt nærmiljø
  • Når: Torsdag 12. september 2024

 

På éin dag skal det ryddast så mykje marin plastforsøpling ein greier frå verdas lengste isfrie fjord. Det er ein stor operasjon som krev at mange gode krefter samarbeider og trekker i same retning.

 

Lenke til event på facebook.

 

Hyllestad kommune er med, bli med du òg!

Det er heilt naudsynt å forankre aksjonen lokalt for at den skal kunne gjennomførast. Planlegginga er i full gang, og vi håpar at så mange som mogleg vil vere med å bidra inn mot aksjonen torsdag 12. september.

 

Korleis kan du bidra?

Du kan bidra på fleire måtar. Under aksjonen er der mange viktige rollar å fylle og oppgåver som skal gjennomførast:

  • Områdekoordinator
    • Koordinere avfallshenting med aksjonsleiarar og transportgruppa etter avslutta ryddedugnad.
    • Ha kontroll på kor mange ryddelag det er i ditt område, du bør vere godt kjent i lokalmiljøet.
  • Aksjonsleiar
    • Ha ansvaret for eit ryddelag og gjennomføre ein ryddeaksjon på sjølve aksjonsdagen – det er ein veldig viktig oppgåve og her trenger vi mange.
    • F.eks. ein som er vand med å ha litt ansvar og koordinere ein større eller mindre gruppe menneskjer.
  • Avfallstransportør
    • Hente avfall der ryddelag har rydda, og frakte det til oppsamlingscontaineren som står utplassert i Hyllestad.
    • Her treng vi folk som kan stille med bil eller båt.
  • Frivillig ryddar
    • Møt opp der ryddelaget ditt skal møtast, ha på kle etter vêr, og mat og drikke
    • Rydde så mykje du kan!

 

Har du lokal kunnskap om forsøpla område?

Eller om du i løpet av ferien kjem over eit forsøpla område på fottur eller båttur, oppfordrar vi alle til å registrere eit forsøpla område ved å:

Vi har dessverre ikkje kapasitet til å finne forsøpla områder til ryddedugnaden, og treng difor hjelp frå lokalbefolkninga.

 

Bli med på den historiske ryddedugnaden Rein Sognefjord 12. september 2024!

Meir informasjon finn du her.

Interessert i å ha ei rolle under aksjonen? Meld deg til ei rolle her.

Spørsmål? Bruk denne lenka.