Finn viktig informasjon om:

 

Pressemelding frå Hyllestad kommune

 9. mai 2022

Hyllestad grip nye moglegheiter

- Nytt omstillingsprogram har starta, med næringsutvikling og bumiljø i fokus.

- Store moglegheiter innan havbruk, reiseliv og fornybar energi.

- Eitt av måla er å tiltrekke seg unge kvinner.
 

I heile 2021 var Hyllestad kommune opptekne av å unngå arbeidsløyse blant dei 100 tilsette som måtte gå i hjørnesteinsbedrifta Havyard Leirvik. Kommunen, saman med mellom anna Havyard sjølve, etablerte eit prosjekt, og resultatet kjenner vi no: så å seie ingen vart arbeidsledige, og fleire nye verksemder vart etablerte.

 

Basert på dei gode røynslene, har kommunen no starta eit oppfølgingsprosjekt. Ordførar Kjell Eide forklarar:
-    No utvidar vi aktivitetane både i lengda, breidda og djupna, slik at vi femner om alle verksemder i kommunen, i jakta på nye moglegheiter. Vi styrkar kompetansehevinga for å sikre omstilling og vekst, og vi legg meir vekt på dei lokale bumiljøa for å vere attraktive for dagens og morgondagens innbyggjarar, ikkje minst dei unge kvinnene.

 

Målsettingane i prosjektet er å:
•    Identifisere nye satsingsområde innan tre utvalde næringar: havbruk, reiseliv og fornybar energi
•    Hjelpe gründerar og skape knoppskyting i etablerte verksemder
•    Styrke kompetansen, i form av kurs og program, i verksemder og hos einskildpersonar
•    Bygge ein «grøn hub» innan viktige næringar som kan gje fleire nye arbeidsplassar på sikt
•    Forbetre infrastruktur, som breiband, ladestasjonar, kontorfellesskap og møteplassar
•    Vidareutvikle Hyllestad.Info som god informasjonsportal for innbyggjarane

 

I og med at Hyllestad er del av ein større bu- og arbeidsmarknad, vil prosjektet også kunne involvere næringsliv og styresmakter i nabokommunane Høyanger, Fjaler, Solund og Askvoll.

 

Hyllestad kommune er eigar av prosjektet, men det er næringslivet som er «motoren». Leiar i Hyllestad Næringsråd, Stian Hatlem frå den lokale verksemda LH Mek AS, er ein av representantane frå næringslivet. Han seier:
-    Vi har mange dyktige verksemder i kommunen vår. Men nokre gongar treng vi meir samarbeid, både om større prosjekt, felles marknadsføring og ikkje minst rekruttering. Verksemdene må tenke på noko som er større enn seg sjølve.
 

I tillegg til Hyllestad kommune og Hyllestad Næringsråd, har prosjektgruppa representantar frå det lokale selskapet Akvahub, Visit Fjordkysten, næringsutviklingsselskapet Aksello og grendelaga i Hyllestad, alle under leiing av prosjektleiar Veronica Haveland frå nærings- hagen Klar Bedrift.

 

Prosjektleiar Haveland ser fram til ein aktiv prosjektperiode:
-    Det er mange spennande aktivitetar og mange deltakarar, så det blir viktig å koordinere og syte for at alle jobbar for felles mål. I denne fasen av prosjektet vil vi ha fokus på å legge til rette for fleire arbeidsplassar, meir kompetanse, og kanskje viktigast, eit enda meir attraktivt bumiljø. Prosjektet ynskjer å engasjere innbyggjarane, så forslag og kommentarar er velkomne. Vi har laga ei eiga side på Hyllestad.Info, som informera om prosjektet, og håpar på stort engasjement, anten du ønsker å starte ei ny bedrift eller har innspel til kva prosjektet bør jobbe med. Prosjektet tek også sikte på å ha eit folkemøte til hausten, for å informere og få tilbakemeldingar.

 

Prosjektet går i utgangspunktet fram til 2023. Budsjett er på 5 millionar kroner, der halvparten er pengar frå Vestland fylkeskommune, og halvparten er verdien av arbeidet som skal gjerast av kommunen og dei deltakande verksemdene.


For ytterlegare informasjon om prosjektet, ta kontakt med ordførar Kjell Eide (telefon 99271900 eller e-post: kjell.eide@hyllestad.kommune.no) eller prosjektleiar Veronica Haveland i Klar Bedrift (telefon 45002969 eller e-post: vhaveland@klarbedrift.no).