Oppfriskingsdose med koronavaksine er tilgjengeleg

Små flasker med koronavaksine - Klikk for stort bileteKoronavaksine Unsplas_Daniel Schludi

Målet med vaksinasjon mot koronainfeksjon er å førebyggje sjukdom eller å gjere eit eventuelt sjukdomsforløp mildare utan å bli utsett for alvorlege sjukdomar.

Er du i målgruppa?

Ny oppfriskingsdosse vert tilrådd til deg som 

  • er over 75 år
  • er sjukeheimsbebuar
  • ikkje tidlegare har hatt korona

OBS at det bør ha gått meir enn seks månader sidan førre dose med koronavaksine.

Er du i målgruppa, ta kontakt med oss for å avtale tid til vaksinering

Hyllestad legekontor - telefon 577 89 520 kvardagar mellom 09.00 - 10.30 og 12.30 - 13.30 

Folkehelseinstituttet (FHI) sine råd våren 2023

FHI har gitt råd om at dei som er i målgruppa ovanfor får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

Dei har vidare gitt råd om at det ikkje er trong for ei generell tilråding om ny dose i vår til peronar med alvorleg svekka immunforsvar.

Sjukehusspesialist kan gjere individuelle vurderingar av behov for vidare vaksinasjon av personar med alvorleg svekka immunforsvar. I tilfelle der behandlande lege vurder at det er behov for ytterlegare doser, eller annan dosestørrelse enn det som allereie er tilrådd, skal det dokumenterast i form av eit brev som kan du tek med til legekontoret dersom du ikkje får slik vaksine på sjukehuset.

Kva kostar det?

Koronavaksinen er gratis.

 

> FHI:  Koronavaksine - informasjon til befolkningen