Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Oppdatering koronavaksinasjon 15.04

Klikk for stort bilete

Er du mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp av Covid-19? Ver venleg å ta kontakt med legekontoret dersom du framleis ikkje har fått tildelt time for vaksinering.
Dette gjeld personar som er/har:

-Organtransplantasjon 

-Immunsvikt 

-Hematologisk kreftsykdom siste fem år  

-Annen aktiv kreftsykdom, pågående eller nylig avsluttet behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift) 

-Nevrologiske sykdommer eller muskelsykdommer som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, cerebral parese og Downs syndrom)  

-Kronisk nyresykdom eller betydelig nedsatt nyrefunksjon

Andrte treng ikkje ringe til legekontoret for å høyre om kortid du vil få vaksina. Vi føl dei nasjonale retningslinjene og informasjon vil bli gitt fortløpande så snart vi veit meir.

Status for vaksinasjon i Hyllestad kommune 

  • Alle pasientar ved sjukeheimen og personar over 85 år er ferdig vaksinert.
  • Vi er i gang med vaksinering av personar i prioritetsgruppe 4, dette er dei med alder 65-74 år og samtidig personer mellom 18 og 64 år med sykdommer/tilstander med høy risiko for alvorlig forløp i følgje FHI si prioriteringsrekkefølgje av risikogruppene. I denne gruppa går vaksineringa kronologisk etter alder, dvs frå eldst til yngst.
  • 215 personar har fått ei vaksinedose, 116 er fullvaksinerte
  • Så langt har Hyllestad kun motteke vaksina frå pfizerNBionTech. Det er små leveransar som kjem, difor tek vaksineringa tid. Hyllestad kommune har ikkje motteke vaksinar frå AstraZeneca.
  • Vi vil motta 48 doser per veke så langt vi har fått tal frå FHI (veke 16)
  • Tida mellom vaksinedose 1 og 2 er no seks veker, slik at vi har fått vaksinert fleire med første dose, framover vil vi og ha ein del revaksineringar
  • 20% av vaksinene går til kritisk helsepersonell.