Opning av Hyllestadhallen

Fredag 30. august klokka 12.00 - 14.00 blir det offisiell opning av Hyllestadhallen! Laurdag 31. vert det ulike aktivitetar i hallen og konsert på kvelden. Det er ein eigen opningskomite som arbeider med programmet, leia av ordføraren.

Detaljert program vert publisert når det er klart- men sett av datoane!

Arbeidet med hallen går som planlagt, det skal vere overlevering til Hyllestad kommune i veke 31 og hallen skal vere klar til bruk frå skulestart.

Hovudinngangen kjem til høgre under takoverbygget. Det er eigen inngang frå skulen til skule- og kulturskuleavdelinga i plan 2. Takoverbygget vart oppgradert etter elevønskje om å ha ein stad der dei kan vere under tak i friminutta. Politikarane tok dette inn i prosjektet i november 2018. Det fine med denne løysinga er at vi også fekk på plass ein terasse med grei tilkomst frå kantina.

Her er mykje å glede seg til!

No vonar vi at mange kjem til å bruke hallen! Bestilling av treningstider kan gjerast på "Hyllestadhallsida" tenester/kultur og fritid/Hyllestadhallen