Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

No kan du søkje sosialhjelp digitalt

Klikk for stort bilete Du kan no søkje sosialhjelp digitalt.  Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet via pc, mobil eller nettbrett.


 

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på "Ditt NAV" på www.nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?

Du kan ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Om du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å nytte den digitale søknaden om sosialhjelp, kan framleis bruke papirsøknad.

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tjenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no