Melding om oppstart av planarbeid - Detaljreguleringsplan - Sørbøvåg Hyttefelt - gbr 30/16

Med heimel i plan- og bygningsloven § 12-8 vert det med dette varsla om at Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS har sett i gong arbeid med detaljreguleringsplan på gbnr. 30/16 for Fjordhjerte eiendom AS. Planområdet er på om lag 40,9 daa, og omfattar område til nye og eksisterande frittliggande fritidsbustadar, samt eksisterande småbåtanlegg, naust, kai og molo.

Bakgrunn og føremål med planarbeidet

Bakgrunnen for planarbeidet er at tiltakshavar har gjennom lang tid utvikla eigedommen sin, og gjeldande plan for planområdet har i nyare tid vore gjennom to mindre endringar i 2022 og i 2023.

Tiltakshavar har no eit ønske om å på sikt legge opp til fleire fritidsbustadar, og startar difor med ein ny planprosess. Kort summert er det ønska å vidareutvikle det eksisterande fritidsbustadfeltet med inntil 10 fritidsbustadar, og på den måten kan den eksisterande infrastrukturen verte nytta.

 

Tilhøvet til overordna og gjeldande planar

Arealdelen til kommuneplanen er frå 2009-2020, og planområdet vart i det høve avsett til LNF og bandlegging etter anna lovverk, og tilgrensande areal vart avsett til LNF og senterområde.

Store delar av planområdet er i dag detaljregulert til fritidstidsbustad, og planarbeidet er ein utviding at eksisterande plan. 

 

Planprosess

Det er helde oppstartsmøte med kommunen den 02.12.2024, og avklara at med bakgrunn i planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet vil kommunen tilrå oppstart av planarbeidet.  

Planen fører etter kommunen si vurdering til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova, men ikkje utarbeiding av planprogram. Tema for KU er vidare strandsone og jordvern. 

I tillegg til KU er det særskilde tema som bør få meir merksemd i planprosessen, og i denne saka er det tsunami, overvatn og stormflo, havnivåstigning og trafikk.  Dersom det elles dukkar opp hittil ukjende faktorar eller utgreiingstema i det vidare planarbeidet vert desse vurdert fortløpande i samråd med kommunen.
 

Plandokument

Varsling om oppstart (PDF, 986 kB)
Vurdering om konsekvensutgreiing (PDF, 113 kB)
Referat - Oppstartsmøte (PDF, 345 kB)
Planavgrensing (PDF, 177 kB)
 

Innspel til planarbeidet

Merknadar til planarbeidet kan sendast skriftleg til:
Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS
Postboks 103 
5649 Eikelandsosen.
Epost: post@byggadmin.no  


Ved spørsmål eller innspel kan ein kontakte:
Petter E.T Flotve 
Tlf. 95795230 
Epost: Petter@byggadmin.no 


Oppstart av varselet vert og varsla i Firda, og kan for øvrig sjåast på forslagstillars heimeside https://byggadmin.no/kunngjeringar/ 

Frist for uttale er sett til 07.03.2025.