Koronavirus

Hyllestad kommune føl nøye med på situasjonen kring utbrotet av koronavirus, og tilrår at alle innbyggjarane held seg oppdatert hos Folkehelseinstituttet .  

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Lokal koronatelefon 08.00-15.30 - 908 19 356.

Har du andre spørsmål om koronaviruset kan du ringe Folkehelseinstituttet sin nasjonale informasjonstelefon 815 55 015.
 

 

 

Lokal forskrift vedkomande innkrevjing av farvassavgift til høyring

Klikk for stort bilete 

 

 

Alden hamneområde består av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (farvatnet sør for Bremanger) og Sunnfjord. 

I samband med at det frå 01.01.2020 vart gjeldande ny hamne- og farvasslov, vil det vere behov for reviderte lokale forskrifter vedrørande innkrevjing av farvassavgift. 

Hamneområdet vedtok 16.04.2020 utkast til nye forskrifter.  Desse er no sendt på høyring, før dei deretter må opp til handsaming i dei respektive medlemskommunane sine kommunestyrer.

Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader til oppgåvene nemnt i hamne- og farvasslova § 36 andre ledd.

Høyringsfrist er 15.06.2020.

> Høyringsutkast og utfyllande informasjon finn du her

Høyringsinnspel kan sendast til hamn@kinn.no.