Legevaktsatelitt opnar i Hyllestad 9. desember 2019

Klikk for stort bilete  

 

 

 

 

Når du treng hjelp, kven kan du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida på kvardagar mellom kl 08:00 - 15:30.
  • Legevakt 116117 heile døgnet når hjelpa ikkje kan vente.
  • 113 når det er akutt og står om liv.

Hyllestad kommune startar frå 9.12.19 med Legevaktsatelitt som er organisert under SYS-IKL (Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt).

Legevaktsatelitten skal vere eit supplement til den ordinære legevakta.  Den skal gje hjelp lokalt i Hyllestad for helseutfordringar som i hovudsak ikkje er akutte, men som ikkje kan vente til vanleg kontortid.

Du kan ikkje ringe direkte til Legevaktsatelitten, alle henvendingar går gjennom legevakta i Førde - 116117.

Når du ringer 116117 vil legevaktsentralen i Førde gjere ei medisinsk vurdering og deretter avgjere om ein skal få tilbod om å møte på satelittkontoret eller om ein skal reise direkte til legevakta i Førde.

Legevaktsatelitten sitt kontor finn du på Eiklund sjukeheim, Sørbøvåg, like innanfor hovudinngangen.  Her vil du møte ein sjukepleiar.  Sjukepleiaren koblar opp ein videosamtale med legevakta i Førde, og bistår legen med undersøkingar og eventuell behandling.

Legevaktsatelittkontoret vil vere tilgjengeleg (via SYS-IKL) kvardagar mellom kl. 15:30 - 08:00 og frå fredag 15:30 - mandag 08:00.

Betaling etter satelittbesøk:

  • Pasientar med smarttelefon får rekning på sms.  Denne er gebyrfri og må betalast innan 11 timar.  Etter dette kjem påminning om gebyr.
  • Pasientar utan smarttelefon får tilsendt faktura (gebyrfritt).

 

Hyllestad omsorgsenter Eiklund - Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

Kontakt

Målfrid Sognnes

Leiar heimetenestene
Telefon : 577 89 605
E-post :

Erlend Yndestad

Avd.leiar skjerma eining/Lokal prosjektleiar legevaktsatelitt
Telefon : 57789600
E-post :