Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar/helsefagarbeidar i omsorgstenesta. Stillinga er delt mellom pleie og administrasjon og det er sett av 30 % til administrasjon og leiing.
Vi treng avdelingsleiar til langtids- og korttidsavdeling (inkludert rehabilitering) ved sjukeheimen vår. Som avdelingsleiar vil du ha ansvar for ei mindre eining med ca 7 brukarar og opp mot 10 tilsette. Som avdelingsleiar i Hyllestad kommune er du med å sikrar at brukarane av omsorgstenesta får god og trygg pleie og omsorg av høg kvalitet.
Vi søkjer etter ein avdelingsleiar med helsefagarbeidarutdanning, eller tilsvarande. Vi planlegg å gå over til ny organisering med sjukepleiar i stab, og helsefagarbeidarar som avdelingsleiarar i dei ulike avdelingane. Arbeidstida er arbeid 3. kvar helg og hovudsakleg dagarbeidstid i vekene.
> Fullstendig utlysingstekst
Velkomen som søkjar!