Kystlotteriet har premiar til dei som ryddar ei strand

naturvernforbundet.png - Klikk for stort bilete  Kystlotteriet 1.jpg - Klikk for stort bilete PRESSEMELDING

Kystlotteriet har premiar til dei som ryddar ei strand

 

Den første trekninga i Kystlotteriet i Sogn og Fjordane skjer onsdag 1. november. Vi deler ut to premiar på 5000 kroner.

Vi oppmodar alle skuleklassar, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding i oktober. Sekkar med lodd må vere levert seinast 29. oktober.

Alle lodda går vidare til den nasjonale trekninga ved hovudkontoret i Fredrikstad i midten av november, med mange flotte premiar; rundreise med NSB, kitekurs, ørretfiske, fyrovernatting, pengepremiar m.m. Enkeltpersonar som ryddar og leverer sekkar med lodd innan fristen er også med på denne trekninga.

 Foto Kystloteriet oktober.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Idar Førde Blom. Sist endra 12.10.2017

Ta kontakt med ditt lokale miljøverk, som veit kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor du kan levere avfallet etterpå.

 

Dei fire store miljøverka i Sogn og Fjordane og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane organiserer Kystlotteriet i 23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane.

Alle desse kommunane har fått førespurnad om å bidra til premiar. Så langt er det berre Førde kommune som har løyvd pengar til dette. Vi vonar dei andre 22 kommunane følgjer deira døme, slik at premiepotten vert større neste år. I tillegg er vi i gang med å samle inn opplevingspremiar både i og utanfor fylket.

Meininga er å ha trekningar med jamne mellomrom gjennom heile året, både lokalt innafor kvart miljøverkområde og samla for fylket.

 

Vennleg helsing Marit Bendz

Fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Tlf. 91 14 14 57, epost: sognogfjordane@naturvernforbundet.no

 

Kontaktinfo:

SIMAS: Linn Sofie Ugulen, tlf. 950 23 101, epost: linn@simas.no

NOMIL: Janne Bareksten, tlf. 913 29 460, epost: janne@nomil.no

SUM-kommunane: Arne Øvrebø, tlf. 905 15 836, epost: arne.ovrebo@sum.sf.no

Flora: Kaja Standal Moen, tlf. 971 42 112, epost: kaja.standal.moen@flora.kommune.no

Kystlotteriet: Sten Helberg, tlf. 954 41 730, epost: planet1min@gmail.com

 

Sjå www.kystlotteriet.no

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering