KVERNSTEINSPRISEN 2023

Kjenner du nokon som fortener Kvernsteinsprisen?

 

Send inn grunngjeve forslag innan 30.09.23 til:

Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad,

eller på epost: postmottak@hyllestad.kommune.no

 

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV «KVERNSTEINSPRISEN»

 

  1. Kvernsteinsprisen skal delast ut ein gong i året til kandidatar som har utmerka seg innan nærings- og eller kulturliv over tid.
  • Prisen kan tildelast både einskildpersonar, lag/organisasjonar og verksemder, også til kandidatar som for tida ikkje har opphald i Hyllestad kommune.
  • Ved vurdering av kandidatar skal det innanfor ein av kategoriane leggjast vekt på:

 

a) Næringsliv:

 

  • Om kandidaten på ein spesiell måte har vore med å skapa eller skaffa nye og varige arbeidsplassar, eller har trygga og vidareutvikla allereie eksisterande næringsverksemd.
  • Kva kandidaten har å seie for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen.
  • Om kandidaten i eigenskap av verksemda si har teke del i å gje kommunen eit positivt omdøme.
  • Kandidaten si evne til kreativitet og/eller nyskaping.

 

b) Kulturliv:

 

  • Lagsarbeid
  • Miljøskapande arbeid elles 
  • Instruksjonsarbeid
  • Vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer
  • Lokalhistoriearbeid
  • Kunstnarleg verksemd
  • Arbeid blant born og unge
  • Å ha representert kommunen på ein framifrå måte gjennom kulturell verksemd

 

  1. Aktuelle kandidatar vert vurdert av eit eige utval som har mynde til å avgjere spørsmålet. Utvalet skal grunngje sitt val.

 

  1. Utvalet skal lyse etter kandidatar i lokalpressa med frist 30.09. Kven som helst kan levere inn framlegg til kandidatar – og for å vere kandidat må ein verta føreslegen same år som prisen skal delast ut.

 

  1. Kvernsteinsprisen kan ikkje tildelast ein  kandidat fleire gonger.

 

  1. Innstillingsutvalet for Kvernsteinsprisen har høve til å kome med eigne framlegg til prisvinnar(ar) under sitt møte i utvalet.

 

  1. Ordførar deler ut prisen til den tid og på den måte formannskapet bestemmer.

 

  1. Endringar i desse retningslinene kan berre skje etter vedtak i kommunestyret.

 

Endringar er vedteke i Hyllestad kommunestyre 25.09.2014.

 

Kvernsteinspris – tildelingar:

 

  • 1996                Norvald Tveit                     
  • 1997                Jofrid Høydal
  • 1998                inga tildeling
  • 1999                Knut Wolff AS, Leirvik eigedom as, Einar Wolff, Leirvik senter as
  • 2000                Hans Berge
  • 2001                Torgrim Eide
  • 2002                Distub 2000
  • 2003                Teatergruppa i Åfjorddalen UL
  • 2004                Per Kurt Hatlem og Hyllestad biljardklubb
  • 2005                Torbjørn Løland
  • 2006                Harry Porten
  • 2007                Marit Dale Hatlem og Oddvar J Hatlem
  • 2008                Ingemar Nordstrand
  • 2009                Håkon Haukøy       
  • 2010                Eilev Strandos
  • 2011                Anne Berit Garnes
  • 2012                Finn Borgen Førsund
  • 2013                Audun Oppedal
  • 2014                Kjartan Hatløy
  • 2015                Astrid Waage
  • 2016                inga tildeling
  • 2017                Kirsten Gravdal Ryland og Jostein Ryland
  • 2018                Øen helselag og Judith Bjordal
  • 2019                John Gerick  Bårøy
  • 2020                Aud Berge
  • 2021                Merete Iversen
  • 2022                Indrefjord gard

 

Kulturpris – før 1996:

 

  • 1993                Konstanse Risnes
  • 1994                Per Bygnes
  • 1995                Mathias Stigedal