Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider. Bestilling av koronavaksine

 

Kvernsteinsprisen 2021

Kjenner du nokon som fortener Kvernsteinsprisen? Send inn grunngjeve forslag innan 30.september til

Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad eller på epost: postmottak@hyllestad.kommune.no

Kvernsteinsprisen skal delast ut ein gong i året til kandidatar som har utmerka seg innan nærings- eller kulturliv over tid. 

Prisen kan tildelast både einskildpersonar, lag/organisasjonar og verksemder, også til kandidatar som for tida ikkje har opphald i Hyllestad kommune.

Ved vurdering av kandidatar skal det innanfor ein av kategoriane leggjast vekt på:

Næringsliv:

Om kandidaten på ein spesiell måte har vore med å skapa eller skaffa nye og varige arbeidsplassar, eller har trygga og vidareutvikla allereie eksisterande næringsverksemd.

Kva kandidaten har å seie for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen.

Om kandidaten i eigenskap av verksemda si har teke del i å gje kommunen eit positivt omdøme.

Kandidaten si evne til kreativitet og/eller nyskaping.

Kulturliv:

lagsarbeid

miljøskapande arbeid elles

instruksjonsarbeid

vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer

lokalhistoriearbeid

kunstnarleg verksemd

arbeid blant born og unge

å ha representert kommunen på ein framifrå måte gjennom kulturell verksemd

 

Kvernsteinspris – tildelingar:

1996                Norvald Tveit                     

1997                Jofrid Høydal

1998                inga tildeling

1999                Knut Wolff AS

                        Leirvik eigedom as

                        Einar Wolff

                        Leirvik senter as

2000                Hans Berge

2001                Torgrim Eide

2002                Distub 2000

2003                Teatergruppa i Åfjorddalen UL

2004                Per Kurt Hatlem og Hyllestad biljardklubb

2005                Torbjørn Løland

2006                Harry Porten

2007                Marit Dale Hatlem og Oddvar J Hatlem

2008                Ingemar Nordstrand

2009                Håkon Haukøy       

2010                Eilev Strandos

2011                Anne Berit Garnes

2012                Finn Borgen Førsund

2013                Audun Oppedal

2014                Kjartan Hatløy

2015                Astrid Waage

2016                inga tildeling

2017                Kirsten Gravdal Ryland og Jostein Ryland

2018                Øen helselag og Judith Bjordal

2019                John Gerick  Bårøy

2020                Aud Berge

 

Kulturpris – før 1996:

 

1993                Konstanse Risnes

1994                Per Bygnes

1995                Mathias Stigedal