Kvernsteinsprisen 2019 til John Gerick Bårøy

Klikk for stort bilete    

I år går prisen til ein person som organiserer, står på og jobbar trottig.  Det er aldri noko som er for mykje eller ikkje let seg løyse.  Døme på dette er organisering av arbeidet med påbygg ved ungdomshuset og julegrantenning.  For å skaffe inntekter til bygdelaget organiserer han basar, krabbefest og innsamling av flasker.

Prisvinnaren er også aktiv innan idrett, i tillegg til å spele forball sjølv, er han fotballtrenar for born og unge. Han er også trenar i friidrett for born og unge, og køyrer og er med dei på stemne.

Prisvinnaren er ein stor ressurs på mange måtar som ed positiv innstilling, og er alltid smilande!

I Hyllestad kommune treng vi slike personar, og vi må vise at vi set pris på det dei gjer.  Prisvinnaren er ei eldsjel både innan bygdeutviklingsarbeid, som leiar i Lifjorden bygdelag og trenar i Hyllestad IL.

Kvernsteinsprisen 2019 vert tildelt John Gerick Bårøy.