Kvernsteinsprisen 2018

Otringsneset (Hans Kr Bertelsen) - Klikk for stort bilete

Kvernsteinsprisen skal delast ut ein gong om året til kandidatar som har utmerka seg innan nærings- og/eller kulturliv over tid. Prisen kan tildelast både einskildpersonar, lag/organisasjonar og verksemder, også til kandidatar som for tida ikkje har opphald i Hyllestad kommune.

Grunngjevne forslag vert å sende innan 20.oktober til: Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad

Ved vurdering av kandidatar skal det innanfor ein av kategoriane leggjast vekt på:

næringsliv:

Om kandidaten på ein spesiell måte har vore medå skapa eller skaffa nye og varige arbeidsplassar, eller har trygga og vidareutvikla allereie eksisterande næringsverksemd.

Kva kandidaten har å seie for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen.

Om kandidaten i eigenskap av verksemda si har teke del i å gje kommunen eit positivt omdøme.

Kandidaten si evne til kreativitet og/eller nyskaping.

kultur:

Lagsarbeid

Miljøskapande miljø elles

Instruksjonsarbeid

Vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer

Lokalhistoriearbeid

Kunstnarleg verksemd

Arbeid blant born og unge

Å ha representert kommunen på ein framifrå måte gjennom kulturell verksemd