KVERNSTEINSPRISEN 2017

Otringsneset (Hans Kr Bertelsen) - Klikk for stort bilete Kjenner du nokon som har utmerka seg innan nærings- og eller kulturliv over tid? Då kan du fremje vedkommande som kandidat til årets kvernsteinspris. Grunngjeve forslag vert å sende til Hyllestad kommune, 6957 Hyllestad eller til postmottak@hyllestad.kommune.no innan 30.september. Sjå elles retningslinene. 

Publisert av Sigrid Solberg. Sist endra 12.09.2017 av Sigrid Solberg

 

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV «KVERNSTEINSPRISEN»

  1. Kvernsteinsprisen skal delast ut ein gong i året til kandidatar som har utmerka seg innan nærings- og eller kulturliv over tid.

Prisen kan tildelast både einskildpersonar, lag/organisasjonar og verksemder, også til kandidatar som for tida ikkje har opphald i Hyllestad kommune.

Ved vurdering av kandidatar skal det innanfor ein av kategoriane leggjast vekt på:

  1. næringsliv:

Om kandidaten på ein spesiell måte har vore med å skapa eller skaffa nye og varige arbeidsplassar, eller har trygga og vidareutvikla allereie eksisterande næringsverksemd.

     Kva kandidaten har å seie for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen.

     Om kandidaten i eigenskap av verksemda si har teke del i å gje kommunen eit positivt omdøme.

     Kandidaten si evne til kreativitet og/eller nyskaping.

  1. kulturliv:

Lagsarbeid

Miljøskapande arbeid elles 

Instruksjonsarbeid

Vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer

Lokalhistoriearbeid

Kunstnarleg verksemd

Arbeid blant born og unge

Å ha representert kommunen på ein framifrå måte gjennom kulturell verksemd

  1. Aktuelle kandidatar vert vurdert av eit eige utval som har mynde til å avgjere spørsmålet. Utvalet skal grunngje sitt val.
  2. Utvalet skal lyse etter kandidatar i lokalpressa med frist 30.09. Kven som helst kan levere inn framlegg til kandidatar – og for å vere kandidat må ein verta føreslegen same år som prisen skal delast ut.
  3. Kvernsteinsprisen kan ikkje tildelast ein  kandidat fleire gonger.
  1. Innstillingsutvalet for Kvernsteinsprisen har høve til å kome med eigne framlegg til prisvinnar(ar) under sitt møte i utvalet.
  1. Ordførar deler ut prisen til den tid og på den måte formannskapet bestemmer.
  1. Endringar i desse retningslinene kan berre skje etter vedtak i kommunestyret.

Endringar er vedteke i Hyllestad kommunestyre 25.09.2014.

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering