Kva skal dagsturhytta heite?

Dagsturhytta 1 - Klikk for stort bilete

 

Hytta vil etter planen bli sett opp ved Sørefjordsvatnet i desember. Her er det utsikt til fjorden, og dette vil vere ein fin stad å stoppe også om ein vil gå vidare til Hesjetinden. (Illustrasjon: Rojo arkitekter)

Hytta vil bli sett opp i alle kommunar i fylket. Hytta vil få solcellepanel og bli utstyrt med lys/varmeomn, så her vil det bli fint å sitje og ete nista si. I hytta blir det eit nynorsk turbibliotek, med ulike typar bøker for små og store.

Hyllestad kommune inviterer innbyggjarane til å kome med forslag til kva hytta skal heite. Du kan anten sende forslag på epost til: sigrid.solberg@hyllestad.kommune.no (kulturkontoret) eller levere det på Hyllestad folkebibliotek. Mellom forslaga som kjem inn, vil det bli plukka ut eit utval forslag som vil bli lagt ut til avstemming.

Frist for å kome med forslag er 15.august 2018.

 

Sørefjordsvatnet - Klikk for stort bilete

Sørefjordsvatnet (foto: Gjermund Flage)