Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Kommunen stoppar sal av treningsabonnement ut året

Klikk for stort bileteDet blir ikkje selt nye treningsabonnement resten av 2020. Dette gjer vi for å unngå at kapasiteten ved senteret blir "sprengt".

Etter at vi skjerpa inn koronarutinar for ei veke sidan, så ser vi at det blir ein del venting. Med over 100 aktive brukarar så vurderer vi at maks kapasitet er nådd, og vi ser oss dessverre nøydd til å stoppe sal av nye abbonnement ut 2020.

Tilsyn og dagleg kontroll av logg, syner at senteret er godt besøkt og spesielt i tida mellom 18.00 og 21.00 Då kan det bli noko ventetid. Vi gjentek derfor oppmodinga om å trene før eller etter, for dei som har mulegheit til det.

I løpet av veke 48 så får vi på plass våtserviettar spesielt berekna for reingjering av treningsapparat, ta desse i bruk. Antibac med alkohol skader både gummi og display på treningsapparata.

Så presiserer vi at brukarar må følgje smittevernreglane!