Informasjon til SUM-abonnentane om auken i renovasjons- og slamgebyr

Renovasjon.

Når vi frå 01.01.2018 aukar gebyret for renovasjon med 15% skjer det som ein følgje av

avgjersler langt tilbake i tid.

Då SUM vart skipa og anlegget på Einestølen/Hesjedalen vart bygd på nittitalet, tok vi i

tillegg til alle investeringane over restgjeld etter selskapa SUM skulle erstatte. Gebyra vart

sett høgt.

Restgjelda etter investeringane frå bygging av anlegget vart nedbetalt relativt raskt, og det

vart mogleg å imøtegå nye krav utan å ta opp nye lån.

Fordi

- ein ikkje lenger betalte renter på lån

- ein hadde nokre omstillingar som gav gevinst i form av meir rasjonell drift

- styret har halde ein nøktern linje med tankje på nyvinningar

har abonnentane lenge vore på plussida i høve innbetalingar til selskapet.

Sagt på ein annan måte: Det vart bygd opp ei fondsavsetjing på renovasjon idet abonnentane

betalte meir enn det kosta å renovere. Denne er no i ferd med å bli brukt opp.

Renovasjonsgebyret har i to tiår vore om lag det same: Det vart sett ned med 5% i 2002, opp

att med 5% i 2009 og ned att med same sats i 2016. Dert betyr at ein i realiteten har hatt eit

gebyr i år som ligg 5% under gebyret i år 2000.

I tillegg er det nye tider. Vi imøteser med glede dei pålegg Det Grøne Skiftet måtte innebere.

Skjermbilde.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 


 

 

Tabellen over: standard gebyr i perioden 2000-2018 sett opp mot generell inflasjon der ein ser

at ein 15% auke i gebyr ikkje er like stor som prisaukinga i samfunnet elles.

 

Slam.

Auken i gebyret på slam har ei anna årsak enn den på renovasjonssida: Dei fleste har sikkert

fått med seg at vi har fått eit pålegg om å lage korrekt kompost av slammet. Produktet frå

slamhandsaminga skal kunne nyttast av andre enn oss, og vi veit no at vår kompost frå

tidlegare ikkje er god nok for dette.

For avfallsbransjen er pyramiden under ein rettesnor i arbeidet kring Det Grøne Skiftet, der

betre nytte av jordas ressursar og eit reinare miljø er dei overordna måla. Ser ein litt på

figuren forstår ein at jo høgre ein kjem på pyramiden, jo betre er det for miljøet.

avfallsreduksjon.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 










Pålegget om å endre komposteringa ved SUM er i realiteten eit positivt steg for å flytte

slammet og det reine treverket/hageavfallet to hakk opp på pyramiden – frå deponi til

materialgjenvinning. I kortform: Gebyrauke for slam inneber eit kvantesteg i miljøets namn.

Her er fleire kostnadsdrivarar:

- Det er betydeleg handsaming for korrekt kompostering. Vi må ha reint, knust treverk og

slammet skal leggast i rankar som skal vendast med hjullastar kvar veke i fem veker.

- Det er strenge krav til temperaturmålingar underveis i prosessen for å sikre hygienisering og

prøvetaking med analyse av sluttproduktet før det kan nyttast.

- Korrekt kompostering i ope landskap inneber store luktutslepp. Det er sett grenser for kva

våre naboar skal tole. Det må dermed større investeringar til for å dempeluktplagene for dei

som bur i nærleiken.

Vi er framleis i starten av det å lage rett kompost og veit no at vi får det til, men vi har enno

ikkje teke til med alle tiltak som får oss heilt i mål.

SUM abonnentane ligg også her framleis godt under gebyrnivået i selskap vi liker å

samanlikne oss med.
 

Avslutningsvis vil vi få nemne at oppryddinga med haugen med ikkje godkjent kompost

omtala i media så langt råd er vil bli handtert utan at det skal belastast abonnentane.
 

Sunnfjord Miljøverk IKS

Styret v/leiar Oddmund Klakegg

Representantskapet v/leiar Jan Taule

 

 

 

Publisert av Idar Førde Blom. Sist endra 30.10.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
 
Login for redigering