Influensavaksinering

influensa.png - Klikk for stort bilete

 

Hyllestad legekontor tilbyr influensavaksine for dei i risikogruppa.

Det er sett opp nokre dagar der ein kan komme å få vaksine utan avtale på førehand:

- Tysdag 23.10. frå kl. 09.00 - 14.00
- Torsdag 24.10. frå kl. 09.00 - 14.00.
- Fredag 26.10. frå kl. 09.00 - 14.00.

Om ein ikkje har høve til å møte ein av desse dagane, må ein ta kontakt med Hyllestad legekontor på telefon 57789520 for å avtale tid til vaksinering.

 

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

- Alle som har fylt 65 år.
- Bebuarar i omsorgsbustader og institusjon.
- Gravide frå 12. veke i svangerskapet.
- Barn og vaksne med;
   - diabetes mellitus, type 1 og 2
   - kronisk luftvegssjukdom
   - kronisk hjarte- og karsjukdom
   - kronisk leversvikt
   - kronisk nyresvikt
   - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
   - nedsett immunforsvar
   - svært alvorleg fedme (BMI over 40)
   - anna alvorleg sjukdom eller kronisk sjukdom

I tillegg vert det tilrådd influensavaksine til:

- Helsepersonell som har pasientkontakt.
- Husstandar til immunsupprimerte pasientar.
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

 

Influensavaksinen kostar kr 100.  Vaksinen blir ikkje dekka av frikortet, og ein får ikkje dekka transport for å få vaksine.