Koronavirus

> Her finn du informasjon frå Hyllestad kommune om koronaviruset/Covid-19.

Har du spørsmål om koronavirus?  Ring den lokale koronatelefonen 908 19 356 (ope kvardagar 08:30 - 13:30) eller nasjonale publikumstelefonen til FHI 815 55 015, du finn òg mykje informasjon på FHI sin nettsider. eller på helsenorge.no sine sider.

 

 

Influensavaksine

Det vert vaksinering mot influensa for innbyggjarar i risikogruppa, onsdag 21. oktober og onsdag 28. oktober. Ta kontakt på telefon 908 19 356 mellom klokka 08:30 - 13:30 for bestilling av time. Grunna koronasituasjonen MÅ ein tinge time på førehand. Elles etter avtale med legekontoret. Eigenandel kr. 50,- Kun kontant betaling.

Klikk for stort bilete   

FHI anbefalar influensavaksine til:

- Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.

- Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim.

- Alle frå fylte 65 år.

- Born og vaksne med:

* Diabetes type 1 og 2.

* Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt.

* Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade.

* Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)

* Svært alvorleg fedme (KMI over 40).

* Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege.

 

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

* Helsepersonell som har pasientkontakt.

* Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar.

* Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

 

Hyllestad legekontor